ragnhits

plankekøyring

In Uncategorized on 24/08/2009 at 18:35

idag kjøpte eg og Ingvar ein planke. ein ganske så stor planke som seinare vart saga i to. vi skal nemleg lage oss ei hylle. ein skulle tru at ei heilt enkel og grei fjøl ikkje kosta så mykje, men guess again; 400 kr for heilt vanleg tre. vi fekk nesten litt sløyd-feeling når vi laffa heim med fjølene våre – på både bane og buss. som eg tidlegare har gjett uttrykk for er eg over gjennomsnittleg interessert i interiør og det er kanskje ein av grunnane til vi har valt å fikse hylle sjølv. den andre grunnen er at der vi skal ha hyllene, er det verkeleg umulig å få ordna nåke skikkelig. det er ein slags blindtarm i leiligheita vår; ein liten avstikkar i stova som er 2,35 meter høg, 56 cm djup og 86 cm i breidda. så det eg har brukt siste timen på er å beise desse plankane i ein kvitnyanse. that’s right. og ordentlig kult vart det òg. men det skal ikkje så mykje til, for kva er vel kjedelegare enn den heilt naturlege ubehandla trefargen. sjølvgjort er velgjort?

Bilde-0306

på vegen til maxbo, gjekk vi forresten forbi denne heller sjeldne hyllesten:

Bilde-0305

bodskap, bibliotek og endå litt meir trikk

In Uncategorized on 10/06/2009 at 16:04

etter ein gåtur forbi uranienborg kirke, måtte eg smile litt ironisk over at denne bodskapen var å oppdage nettopp her på frogner:

Bilde-0272

dette ligg kanskje fjernast frå det fleire av frognernaboane mine ser ut til å meine.. men kanskje nettopp derfor er denne bodskapen å finne i dette strøket ? : )

 

vidare har eg vore ein tur på biblioteket idag. bibliotek er virkelig genialt og fører med seg ein viss sjarm. sidan eg allereie har lånekort ved universitetet, brukar eg like gjerne det sidan dei har mykje skjønnlitteratur der. det einaste er at desse bøkene ligg plassert i underetasjen på Georg Sverdrups og ned dit kjem du deg berre med heis. eller eg har iallfall ikkje funne noko anna vei ned dit. der er ingen folk; berre ein korridor, ei stor steindør og diverse andre dører som du høyrer blir låst opp, men ingen kjem ut. Sett vekk ifrå at dette kan vere litt skremmande, er det ganske så koselig å luske aleine mellom reolane der nede. men om det begynne å brenne medan eg er der, veit eg ikkje heilt kva eg skal gjere sidan heisen sikkert blir stengt. og om eg plutselig rotar meg bort i ein hemmeleg gang, kven vil finne meg? men slike paranoide tankar prøver eg å gløyme.. luksusproblemet mitt no er å velje kva slags bok eg skal begynne på av dei fire skattane eg lånte med meg: 

 
Bilde-0274

 

som fleire sikkert har skjønt har eg ein stor kjærleik til trikken, særskilt dei litt eldre. då kan dåkke tru gleda var stor når denne kjekkasen plutselig rulla opp på solli plass ein søndag eg og Ingvar stod og venta:

Bilde-0266

paradis

In Uncategorized on 26/04/2009 at 20:01

ingenting er vel meir paradis-ish enn å gå laaang søndagstur (over ca 12 km ifølge google-maps) med den finaste søstra. i dag gjekk vi til paradisbukta på bygdøy og det anbefalast på det sterkaste! Idyll – heilt gratis. Nydeleg natur med både skog og hav; det treng ein jo påfyll på med jamne mellomrom når ein er så langt vekke frå vestlandet:) … dessuten ein heilt perfekt plass å ta med ein eventuell jack russell! “nista” tok vi etterpå på YaYa’s;) 

serenity now!:

bilde-0250

to einsame dusjar:bilde-0251

den nydelige turpartnaren min – søtaste søs<3:

bilde-0252

…og ei ragnhild: litt rusa på frisk luft:Pbilde-0253