ragnhits

Arkiv for desember 12th, 2010|Dagleg arkiv-side

remiksar: topp 10, 2010

In liste, musikk, musikktips, remiksar on 12/12/2010 at 22:38

i ekte “vi nærmar oss slutten på året og må lage topp 10/15/20/25 osv”-stil, tenkte eg å liste opp 10 av dei betre remiksane som år 2010 har bidratt med. gode remiksar er for meg både ein lidenskap eg dyrkar fagleg og på fritida. eg vil for øvrig prøve å styre unna dei tyngste musikktekniske termane i dette innlegget. eg synest remiksing er ei særs kul musikalsk uttrykksform som byr på mykje kreativitet og spenning. men eg veit fleire meinar at remiksing er bullshit og at ein absolutt ikkje skal tukle med ferdige låtar. for min eigen del kan eg berre seie at eg ikkje synest ein remiks øydelegg noko for den opphavlege låten; det blir skapt ein ny og alternativ miks og det er sjeldan meint som noko anna enn ein hyllest. før eg presenterer mi topp 10-liste, må helst følgjande spørsmål svarast på:

kva er ein god remiks? for meg skiljer ein god remiks seg frå originallåta, men samstundes er det viktig at ein høyrer kva som er opphavet. her dreiar det seg om å handtere eit slags spenningpunkt mellom god variasjon/god heilskap. DJar som produserer fete remiksar har ein eigen evne til å velje ut viktige element frå låta og bruke desse på ein innovativ og interessant måte. dei legger også til nye “fikse” detaljar; eksempelvis nye, velfungerande trommegroovar eller fete sound- og syntheffektar. ein remiks skal helst vere dansbar, men det er ikkje noko absolutt kriterie. også vokalbruk er sentralt og at dette blir brukt på ein passande måte; nokre remiksar krever mykje av vokalen frå originalmiksen, medan andre mindre.

dette er berre ei subjektiv oppramsing av nokre essensielle moment. i tillegg er det verdt å få med at som med så mykje anna er det også innanfor dette området ingen regel utan unntak – nokre remiksar berre har “det”.

veldig, veldig jamnt er det altså, men ei slags rekkefølge har eg ordna dei inn i. kvar remiks får ein liten kommentar, men det viktigaste er å innvilge seg litt tid til å høyre (og gjerne danse) til låtane:) (her ligg låtane som spotifyliste: topp10remix2010 )

 

1. Funky Nasty (Wolfgang Gartner Remix Edit) – Andy Caldwell feat. Gram’ma Funk

det er ikkje utan grunn at denne remiksen er nominert til Grammyprisen i kategorien beste remiks. Wolfgang Gartner tar  remiksing til stadig nye høgder. låta er ekstremt tøff og osar av attitude. vi blir møtt med eit vell av syntheffektar og tema som utfyller kvarandre på ein eksemplarisk måte. slik høyrer god remiksing ut; lytt, dans og ikkje minst: nyt!

2. Paradise Circus (Gui Boratto Remix) – Massive Attack

ein nydeleg remiks av ei nydeleg låt. klarer å ta vare på det sårbare ved låta samstundes som det blir tilført catchy trommerytmer og kule detaljar. kanskje ikkje den mest dansbare, men absolutt eit fullgodt handverk!

3. Teenage Dream (Kaskade Club Remix) – Katy Perry

naiv og søt opphavslåt. veldig bra driv; ein klassisk dansegolvsvinnar. Kaskade har laga særdeles mange gode remiksar til både Britney, Justin T., Lady Gaga med fleire.

 

4. Telephone (Ming Extended Remix) – Lady Gaga feat. Beyoncé

remiksen har eit meir rocka preg på grunn av ein kul bassound og nokre velplasserte gitarriff. dette gjev låta eit heilt ny, men passande feeling.

 

5. Hang With Me (Starsmith Remix) – Robyn

klarer å ivareta det dansbare og skjøre ved Robyn sin musikk og faktisk tilføre endå meir synth utan at det blir påtrengande.

 

6. Rock That Body (Skrillex Remix) – Black Eyed Peas

første gongen eg høyrde denne låta vart eg sittande å måpe og le. fantastisk mangfald av dansbare og hardcore synthar. einaste ankepunkt er at at dei kanskje kunne klart seg utan den smurfeliknande stemma..

 

7. California Gurls (Armand Van Helden Remix) – Katy Perry feat. Snoop Dogg

Van Helden er kjent for å lage funky og catchy låtar og remiksar; det klarer han også så absolutt med Katy Perry og Snoop Dogg sitt samarbeidsprosjekt. morsomme syntheffektar og ein gjennomført groove som kan lyttast/dansast til i evigheiter.

 

8. Dancing On My Own (Jakwob Remix) – Robyn

veldig fin dynamikk i denne remiksen og den er også nokså detaljrik – lytt fleire gonger og bli overraska. inneheld nokre typiske synthklisjear, men det overlever vi.

 

9. Only Girl (In The World) (The Bimbo Jones Remix) – Rihanna

vil rekne med dette blir ein dansefavoritt framover; låta innehar mange effektar og tema som inspirerer til bevegelse. det er ei tøff oppgåve å remikse ei låt produsert av Stargate, men resultatet er absolutt vellykka.

 

10. Back2Back (Cold Blank Remix) – Spencer & Hill

morsomt og spennande miksa! får du ikkje lyst å danse til denne remiksen kan du pakke kofferten og kjøpe deg ei pensjonistleiligheit i Spania.

 

 

..så vil eg ha noko så kommersielt (og demokratisk) som ei avstemming; kva synest du er den beste remiksen på lista?

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.