ragnhits

lukka i bileter.

In kvardag, liste, mat, musikktips, søsterkos, statements, Uncategorized on 10/03/2011 at 23:47

lukka er å ha ein gjeng ballongar. og så sleppe dei.

 

 

 

 

lukka er å kjøpe fine dusrosa roser når vinteren nektar å sleppe taket sjølv om det strengt tatt er vår, vår på papiret. papirvår.

 

 

 

lukka er ei sandstrand, horisonten, sola og ei god bok – på ferie ilag med den nydelegaste søstra. som svarte 14 kamelar på spørsmålet frå ein vilkårleg framand om kva  ho skulle ha for meg. for seg sjølv skulle ho ha 100 kamelar. minst.

 

 

 

lukka er neglelakk og ringar. og neglelakk og piano.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

lukka er fine tantebarnhender med neglelakk som vinkar til hurtigruta.

 

 

 

 

lukka er den søtaste nattlampa i historia. sjølv om den er tilnærma ubrukeleg og stadig ramlar.

 

 

 

lukka er å ha verdas finaste, beste og kulaste mormor.

 

 

 

lukka er å teste nye apps og vere totalt ukritisk til kva som faktisk er eit fresht motiv.

 

 

 

 

 

lukka er å sjå på kjekke menn. og samle og bruke dei beste som inspirasjonskjelde på lesesalen. funkar vel passe dårleg.

 

 

 

lukka er å sitte åleine i vigelandsanlegget.

 

 

 

lukka er å deilige seg på fest medan andre tar bileter av deg.

 

 

 

 

lukka er å vere masterstudent. akkurat der ein vil.

 

 

 

lukka er å lage mat utan oppskrift berre ved hjelp av det ein har i kjøleskapet. og at det blir nydeleg.

 

 

 

 

lukka er laurdag derpå.

 

 

 

lukka er sudoku foran vedomnen heime hjå mor&far.

 

 

 

lukka er låtar ein likar som får ein til å tenke på nokon ein likar.

  1. [...] de vil finne fram godkjensla og bli litt varm om hjartet i dag kan eg tilråde dykk å lese dette herlege blogginnlegget, forfatta av tidligare nemnte Ragnhild. Ho bloggar innimellom, og det er verdt å ta turen dit. God [...]

  2. Så mye kos! Lykken er kanskje en sjelden fugl, men den kommer flyvende innimellom, for eksempel i øyeblikkk som disse!

    • tusen takk for koseleg kommentar, Synne – og for ein søt blogg du har! den blir tilført “sjekke innom dagleg”-lista mi. og i fare for å vere megasvulstig så er jo lukka å finne i slike augeblink – ein må faktisk berre velje å sjå det slik:) ..det vart übersvulstig, men framleis sant!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.